Home

Voss Taijiquan Lag/Yiquan Voss

Undervisning

Ivar Vatne er laget sin faste instruktør. Han har organisert trening på Voss sidan hausten 1998, frå 2004 som treningsleiar i Voss Taijiquan Lag. I 2007 blei han instruktør for Bergen og Voss i Ichuan Standing Meditation School under Ole Eskildsen. Han trener gruppa på Voss.

Kiss Gjersvik og Astri Remme har ansvaret for leiinga av treningane i instruktøren sitt fråvere.

Ole Eskildsen har vore laget sin eksterne lærar sidan 2007. Han er leiar av Ichuan Standing Meditation School i København. Undervisninga hans legg grunnlaget for treninga i Voss Taijiquan Lag.

Greinene me trener er I Chuan, Chi Kung og Tai Chi for helse og velvere, med ei rekke basis- og tilleggsøvingar.

Workshop med Ole Eskildsen på Voss

Ole Eskildsen har sidan 2007 jamnleg kome til Voss for å undervisa den faste gruppa. Deltaking på workshop med han er etter invitasjon. Kontakt Ivar Vatne for informasjon.

Fyrste workshopen i 2021 måtte diverre avlysast, på grunn av smitte-situasjonen. Me må førebu oss på at det også kan verta endringar i dei gjenståande. Datoane som står att for 2021 er:

Me oppmoder dei faste deltakarane til å setta av desse datoane nå. Og så ber me om forståing for at me i den omskiftelege situasjonen me er i må venta med å senda ut invitasjon med endelege opplysningar til noko tettare oppunder datoane for kvar workshop enn vanleg.