VOSS TAIJIQUAN LAG / YIQUAN VOSS

ÅRSMELDINGA 2019

Organisering

Laget er medlem av Norges Idrettsforbund, gjennom Norges Kampsportforbund.

Årsmøtet 2019 valde dette styret:

  • Kiss Gjersvik (leiar)
  • Kristi Auth (nestleiar)
  • Nils Inge Haaland (kasserar)
  • Bodil Aagaard (styremedlem)
  • Anna Teigen (styremedlem)
  • Andrea Jasper (vara)

Astri Remme er revisor. Styret peikar ut valnemnd.

Instruktør, lærar og treningsleiarar

Ivar Vatne er laget sin instruktør.

Ole Eskildsen er laget sin lærar. Han kom til Voss fyrste gongen i 2007. Laget hentar han til Voss tre gonger i året.

Ivar Vatne trener gruppa mellom læraren sine besøk.

Kiss Gjersvik og Astri Remme har ansvaret for treningsleiinga i instruktøren sitt fråvere.

Trening

Innhaldet i treninga er basert på Ole Eskildsen si undervisning. Greinene me trener er I Chuan, Chi Kung og Tai Chi, med ei rekke basis- og tilleggsøvingar.

Fram til sommaren 2019 trente me i den renoverte festsalen på gymnaset, mot betaling. Frå hausten fekk me trena i gymsalen på Vangen skule.

Det var trening heile året, med avbrot for jol, vinter- og haustferie. Under Ole Eskildsen sine besøk nytta me gymsalen på Vangen skule, mot betaling.

Treningstidene var måndag og torsdag kveld kl 18:00. Frå hausten av starta torsdagstreningane kl 19:00.

I månadane april til september var det open morgontrening ved Vangsvatnet to dagar i veka, med varierande innhald.

Lærarbesøk i 2019

Det var workshop med Ole Eskildsen i fabruar, mai og oktober, kvar gong 10 timar trening med undervisning, over tre dagar. Deltakarar kom frå Voss, Bergen, Stord, Sogndal og Oslo.

To av våre medlemmer deltok på Ole Eskildsen sin årlege workshop i København i august. Desse workshop'ane samlar deltakarar frå mange land.

Oppslutnad og nye deltakarar

Det var jamnt god oppslutnad om treningane også i 2019. Laget består ved inngangen til det nye året av ei fast gruppe aktive. Mange av dei har vore med heilt sidan starten på Voss Taijiquan Lag i 2004, somme heilt sidan I Ch'uan Laget i 1998. Nokre tidlegare deltakarar er komne med att, og eit par nye har kome til.

Progresjonen i treninga har vore god, noko som i klartekst vert bekrefta av læraren vår.

Det samla talet på betalande medlemmer i 2019 var 12.

Økonomi

Medlemskontingenten var i 2019 kr 1.000 treningsavgifta kr 1.000 for våhalvåret, kr 1.200 for hausten.

Me viser elles til rekneskapet for 2019.

Informasjon og meldingar

Meldingar om endringar i treningstider, innkalling til årsmøte og informasjon om andre hendingar vert gjort kjende på laget si webside og gjennom e-post. Websida er arkivert i ulike utgåver og skriv laget si historie attende til 1998.

Framtidsutsikter

Den faste gruppa har nå trent med Ole Eskildsen i meir enn tolv år. Dei fleste av dei aktive har fulgt læraren sin progresjon i treninga gjennom alle desse åra.

Laget har som mål å oppretthalda dette treningstilbodet i regionen vår, i god kontakt med dei som trener andre stader under same lærar som oss.

Me er eit lite, men engasjert lag, der alle medlemmene tek ansvar for at me skal kunna halda fram.