NÅLI I FLAMMAR Nåli frå aust © Ivar Vatne EIN KLATREFØRAR

START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget

PALMAVEGGEN

Beste anmarsjen til Palmaveggen er frå svingen i Geilanevegen, rett opp til Filmeveggen og så til høgre gjennom einerkratt. Ein kan også gå frå tunnellen, forbi Fyrsteveggen, Skammekroken og Kyrkjo, det vert berrelitt meir kronglete. Palmaveggen har fått namnet etter - ja sjå sjølve nedanfor.

1. Gåva 7-/7 bb snufeste
Dette var ei - gåve, som namnet seier. Ivar og Lars Gjerdåker bora, reinska og inviterte på bursdag. Bursdagsbarnet takka ja, og opna ei fin rute.
Stig Amundsen, 22. juni 97

2. Utan namn bb
Prosjekt.

3. Utan namn
Prosjekt på kanten mot Palmadiederet.

topo Palma

4. Palma A3 tkn 3 taul 80 m (A3, A2, A3)
Meget flott dieder i fyrste taulengd. Vedvarande vanskeleg og fin klatring i tredje taulengd, stort ekspanderande flak. Fyrstebestigarane leverte på eksemplarisk vis topo. Copperheads, hooks, knivblad. Rappell ned ruta.
Gunnar Karlsen, Tore Tjelmeland, februar/mars 96

5. Namn ukjend A4 tkn
Seriøs teknisk rute. Me håper å få namn og nærare beskriving av ruta med det fyrste.
Stein Ivar Gravdal, solo truleg 97.


Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.com | startsida