NÅLI I FLAMMAR Nåli frå aust © Ivar Vatne EIN KLATREFØRAR

START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget

KYRKJO

Kyrkjo er det lokale namnet på denne karakteristiske fråsprengde skiva på storleik med - ja, ei kyrkje. Det er i alle høve god plass inne under kvelven, plass nok til ei rute eller to, og på toppen av skiva ligg ei blokk og balanserer. Ho er på storleik med ei boligblokk, eller eit hus, eit lite hus, meir som ei hytte, eller eit skur. Me overdriv ikkje.

1. Kirketjeneren A3 tkn. 20 m
Utanpå Kyrkjo. Fin teknisk klatring, vanskeleg i toppen ved borebolt.
Gunnar Karlsen, solo, mars 96

2. Brytningstid A1 tkn. 26 m
Start i inne i kyrkjerommet, fyrst eit tynt sikringsriss, til venstre i nytt riss etter 10 m. Dette kan fylgjast forbi lite overheng til topps. Litt trang åling heilt på toppen. Fyrstebestigarane meiner ruta vil kunna gåast i fri, men ho vert hard. Nokre lause skiver i toppen. Sikrar står utsett til. Ruta er eit godt alternativ på varme soldagar, eller i regn. Tilkomstene skjer ved klatring til hylle på høgre sida av Kyrkjo, eller nedfiring direkte inn i kyrkjerommet frå andre sida.
Gisle Andersen, Anders Waage Nilsen, mai 96

3. Namn ukjend A1+ tekn
Inn i kaminen og ut på eggen til høgre for Kyrkjo. Litt informasjon har me, men han må stadfestast.
Stein Hugo Thorsen, solo 93


Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.com | startsida