NÅLI I FLAMMAR Nåli frå aust © Ivar Vatne EIN KLATREFØRAR

START | Innleiing | Tilkomst | Oversikt | Vestveggen | Grøno | Hybelen | Pillaren | Filmveggen
Palmaveggen | Kyrkjo | Skammekroken | Fyrsteveggen | Tunnellen | Stigen | Gråberget

HYBELEN

Hybelen heitte eigentleg Plenen. Han var Audun Igesund sin augenstein, heilt til nokon som ikkje her skal nemnast rensa ei ny rute, dei bikka ned ein containar med bord, stolar og sofagruppe og fekk folk på Horvei til å koma fram bak husa sine. Han er møblert nå, Hybelen, og sikkert ein fin plass å vera. Men ingen er der. Dei er i Grøno. Det er meir sol der. Og fleire ruter. Meir plen. Og meir orm, men. Det er likevel von for Hybelen. Han kan bli Plenen att, om han berre veks til etter sjokket.

Parkeringing i svingen under Pillaren, anmarsj frå grøfta, rett opp på kronglete sti, mot venstre gjennom ur og ti meter forbi Pillaren.

1. Prosjekt snufeste 12 m
Ruta er alt seriøst reinska. Se historikken. Vil verta noko ujamn.

2. Romlingene kommer (Jeg hører hva de sier i etasjen over) 7- bb snufeste 14 m
Denne ruta har minst to namn. Hybelassosiasjonar. Tilegna Ingebrigt Davik. Ruta har fleire tynne opptak og crux'et er på toppen.
Audun Igesund, 7. juni 94

3. Bakstehella 6+ bb snufeste 12 m
Flatbrødet i starten og den avskorne tungespissen i diederet bør ikkje belastast for hardt. Ruta er fin som ho er, og hybelen er allereide tilstrekkeleg møblert.
Audun Igesund, Ivar Vatne, mai 94

4. Grovbrød 7-/7 bb snufeste
Topptaua under opninga av Flatbrødet. Seinare bora og gått av Gisle Andersen. Gisle meiner vanskegraden kan variera litt etter i kva grad ein nyttar hyllene ute til høgre.
Gisle Andersen, haust 96


Denne sida vart sist endra 16. oktober 2009 © Ivar Vatne
ivar@ivarvatne.com | startsida