TURKARUSELLEN - BOLSTADØYRI 2004

Åtte boksar er lagde ut i år, tre nord og fem sør for elva. Boksane skal vera lette å finna, og det vert som vanleg trekking av premiar mellom alle deltakarane. Det vert ekstra premiar for dei ivrigaste, og titlar til dei aller, aller ivrigaste. Turkarusellkongen i fjor var Espen Bolstad.

BOLSTADØYRI NORD

Nipo (Slåttenovi) - 603 m.o.h

Parkering på Øvstedalsvegen, høgste punktet, gå i retning sørvest og finn ryggen som leier til toppen. Blå boks i varden.

Hatlekinnet - 900 m.o.h

Parkering under Geilane hyttefelt (ikkje på dei reserverte plassane!), gå opp i Glimeskaret og ryggen vestover til toppen. Ein kan óg parkera på Øvstedalsvegen, og gå denne nokro lengre vegen frå sørvest. Raud boks i botnen av den eine varden.

Blåvasshorgi - 1133 m.o.h

Parkering under Geilane hyttefelt (ikkje på dei reserverte plassane!), gå nordaustover, fleire moglege vegval, over Bringa og opp på ryggen i tilnærma rett linje mot toppen er den kortaste. Boks under stein inntil varden. 650 høgdemeter. Høgste punktet i området.

BOLSTADØYRI SØR

Jonshorgi - 643 m.o.h

Parkering på nordsida av Rasdalsvatnet. Begynn på vegen opp mot Tufti, men gå over bekken før grinda under garden, og opp langs bekken gjennom granskog, så til venstre opp på den breie ryggen som fører over myr og småhamrar nordaustover til toppen. Raud boks i varden.

Gamlestølen

Parkering på sørsida av Rasdalsvatnet, før eller etter siste grinda. Merka tursti til Gamlestølen, raud boks innved foten av den fyrste av dei store granene.

Vibotnen

Parkering på sørsida av Rasdalsvatnet, før eller etter siste grinda. Merka tursti inn Rasdalen, forbi Gamlestølen, sauesikra boks i plastpose på krok ved inngangsdøra i Vibotnen.

Kvitafjellet - 993 m.o.h

Parkering på sørsida av Rasdalsvatnet, før eller etter siste grinda. Merka tursti forbi Gamlestølen til Vibotnen. Her tek ein nordover langs bekk, ikkje lenger på merka sti, etterkvart ny bekk mot høgre opp til tjønnene mellom Kvitafjellet og nabotoppen. Toppen vår svarer til namnet. Raud boks i varden på toppen. 635 høgdemeter.

Nakken

Parkering ved Storevik på stamvegen. Rundt låve og opp betongveg, etterkvart på god sti til Nakka.

Alle

Det skal la seg gjera å gå alle turmåla på ein lang dag. Det kan bli fellestur, med alpin start og bil(ar) til Geilane, mellom Øvstedalsvegen og Rasdalen og heim frå Storevik. Oppslag kjem.

Meir detaljerte turbeskrivingar vil etter kvart bli å finna på Bua (butikken på Bolstadøyri) og på internett adresse http://www.ivarvatne.com/tur/ eller søk etter Ivar vatne si heimeside og klikk Turkarusellen.