JONSHORGI

Frå Bolstadøyri stasjon over skinnegangane og til venstre, så til høgre på bru over stamvegen, vidare opp den bratte og svingete Rasdalsvegen. Flott utsikt over Bolstadøyri øvst i Rasdalsgjelet. Vidare inn Rasdalen mellom gamle og nye hytter. Forbi dei fyrste gardane og den gamle skulestova, opp gjennom grind i liten motbakke, ned til venstre før Rasdalsvatnet, over Rasdalselva gjennom grind, parkering rett etter endå ei grind, ved nordsida av vatnet.

Begynn å gå opp vegen mot Tufti, men ta til venstre over bekken før grinda eit stykke under garden, se etter merking med plastremser for å finna stien her. Gjennom gammal granskog, opp langs bekken til ei utløe som er kledd i presenning. Tufti ligg nå halvt skjult bak rabarbraen oppe til høgre. Ta i staden rett opp til venstre, retning nordvest, til ein møter ryggen, kryss så mot høgre opp liten hammar til nokre fine utsiktspunkt på små sva, gode å sitta og drikka te og spisa kjeks på, nå som den grøvste delen av stigninga er unnagjort.

Gå vidare nordaustover ryggen over myr, forbi små tjønn med vassplantar og over eit par hamrar. Nokre stader er det lurt å halda litt til venstre, mot Bolstadsida. Eit siste lite opptak før Jonshorgi, 643m. Gammalt trigonometrisk merkepunkt. Boks med bok i varden.

På tilbakevegen kan ein ta ned i Tuftadalen, retning sørvest, i eit av søkka mellom hamrane. Litt myrete, ein del grov og tilvokst ur med djupe snublehol, litt bratt og kronglete nokre stader, men fin tur på sti gjennom øvre delen av Tuftadalen. Tilbake same vegen som me kom frå utløa med presenninga.

Ein flott liten dagstur, eller ein grei ettermiddags-/kveldstur. God utsikt over fjorden og dalføret og til dei høgare fjella på alle kantar. Lett tur, men ein del vegval i ope terreng utan klare stiar. Vanskeleg å gå heilt feil. Det kan henda ein må kryssa litt for å unngå hamrar og bratte parti. Me er tross alt på Vestlandet.